Pedern

Pedern

Vakre varierte Vang

Eg vil starte med å takke Heidi for utfordringa då ho sendte stafettpenna vidare til meg! Eg tykte det var vanskeleg å finne på noko å skrive om, men no har eg bestemt meg. Eg vil fortelja litt om mitt opphav og presentere vakre varierte Vang som er staden eg er oppvaksen.

1393593_10153433740540392_444954022_n
Far min og meg då eg var ung og lovande!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I Vang er det om lag 1600 innbyggjarar. Det er ein bitte bitte liten stad der alle kjenner alle og der vi er så heldige at om vi ikkje veit kva vi held på med sjølve, så veit alle andre det. Folk har busett seg i tronge dalar mellom høge majestetiske fjell, og det er få som ser til naboen. Vang kommune er nemleg ei veldig stor kommune med få innbyggjarar, så alle har god plass. Dei fleste i Vang trivs godt i eige selskap, og det er ein god eigenskap for ein som bur slik til. No skal eg ta dykk med til Vang i Valdres ein liten tur. Les vidare, så får dykk greie på det beste av det beste ved heimstaden min.

5011_218741760391_766568_n
Biletet talar kanskje for seg sjølv? He he!

 

Interessante mattradisjonar

 

Folk i Vang er flinke til å bruke naturen og mange er friluftsliventusiastar ( les: villmenn), og brukar mykje tid i fjellet. Om hausten sankar dei bær og elg, og dei fiskar feit ørret som dei skal ha til jul. I Vang er vi nemleg veldig glade i rakfisk. Dette er eit kunstverk av ein matrett, som far min pleier å sei. Han legg sjela si i å få til god rakfisk til jul. Ofte med livet som innsats, reiser han ut i alt slags vær på hausten, 1300 meter over havet, for å få tak i skikkeleg fjellørret. Denne blir så salta og lagt lag på lag ned i ein butt. Der skal den ligge å «godgjera» seg i 3 månader. Og du kan tru det er stor stank, når dagen endelig har kome og butten skal opnast att, for prøvesmaking. Kvart år i November er det duka for årets store happening på Fagernes i Valdres; rakfiskfestivalen. Rakfiskfestivalen er eit must å få med seg for folk i Vang. Då luktar det rakfisk i heile Fagernes og folk kjem frå fjern og nær for å få ein smak av denne relativt primitive luksusretten. Dette er verdas største rakfiskfestival, tru det eller ei!

I år vil eg dessverre ikkje kunne nyte denne delikatessa, fordi gravide skal visst ikkje ha i seg slikt.

10491123_10154255060795392_8820860896316385513_n
Ein framtidig rakfisk…

 

Fondsbu, mitt andre hjem

10380280_10154321313775392_3723089591819139528_n

Sidan eg var 15 år har eg hatt helg- og sommarjobb på DNT hytta Fondsbu som ligg på Eidsbugarden. Vi som jobbar der, bur der og blir som ein stor familie. Sjefen vår heiter Mor. Første gongen eg jobba der, var eg så liten, og hadde veldig mange rosa klede, dermed fekk eg kallenamnet Bebis. Mor og Bebis er no dei som har lengst fartstid av dei som jobbar på Fondsbu den dag i dag. Vi har det veldig artig saman på jobb og Bebis har dei siste åra hatt ansvar for kjøkkenet på dagen, med a la carte og matlaging.

 

10402595_10154322720630392_2936679099548139733_n

 

Fondsbu er ei populær turisthytte med både lokale og langvegsfarande gjester. Det er eit flott utgangspunkt for dei som liker å gå tur i fjellet.  Store delar av Jotunheimen ligg i Vang. Vi er så heldige at vi har høgfjellet rett utanfor dørstokken. Det er i desse områda dei fleste 2000 meters toppane i Norge ligg.

 
11020216_10153934047228973_4488615453428520915_n

Diktaren Aasmund O. Vinje var fyrstemann til å setje opp ei bu på Eidsbugarden, og har gjeve namn til områder og fjella der.
I 2006 var det ein luring i Vang som ville lage ein rockefestival på Eidsbugarden til minne om han. Dette vart braksuksess og dei siste åra har alle billettane til festivalen vore utselt på 30 sekund. Som Fondsbumenneske er eg så privilegert at eg har fått vore på Vinjerock kvart år sidan det starta. Konseptet med å ha ein rockefestival i Jotunheimen er fantastisk og må opplevast!

 

10523201_10154322485860392_4421210771998606347_n
Aasmund O. Vinje skuar utover festivalområdet på Vinjerock.

 

Mor og Bebis er svært begeistra for Aasmund O.Vinje, og hadde han levd i dag, så hadde vi nok besøkt han ofte i bua has som ligg like ved Fondsbu. Men sjølv om han ikkje lenger er der, så er vi stadig innom bua hans å føler på den gode stemninga. Vi trur at han har sjela si på Eidsbugarden, for det var dit han var på veg då han døyde.

Eg trur at eg skal gjera det sama som han Aasmund når eg døyr; sende sjela mi til Eidsbugarden. Då kan vi bli betre kjent, og me får tilbringe evig tid på verdas vakraste stad!

 

Med dette sender eg stafettpennen vidare til vår alles kjære Tove Børø!

 

Andre saker

Fritidsledelse

Mandag 21.september var vi en tur på valgfaget Fritidsledelse i A-klasserommet og intervjuet Silje og Sigurd. Hva går valgfaget ut på? Silje: Det går ut på å arrangere Bomba, planlegge temaer, økonomi osv. Trives du med valgfaget? Sigurd: Ja, jeg trives kjempebra med det. Hvor mange er dere på Fritidsledelse?[…]

Les mer »

Falstad

Falstad var en fangeleir som ligger i Ekne i Skogn, i Levanger kommune i Nord-Trøndelag. Falstad ble bygget som en statlig internatskole for gutter. Det var en internatskole inntil august i 1941, da Schutzstaffel tok over og gjorde Falstad om til en fangeleir, der 4500 mennesker fra 13 nasjoner satt[…]

Les mer »

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *