Pedern

Pedern

Backbone of the outback

Tusen takk Tove Børø for utfordringa, når du sendte stafettpinnen vidare til meg. Eg vil skrive om eit litt uvanleg tema. Eg ynskjer å gje eit innblikk i korleis det er å vera saueklippar.

Å vera ein saueklippar er eit ganske fysisk krevjande yrke, det hevdast at ein saueklippar brukar meir energi på ein dag enn kva ein maratonløpar brukar på eit løp.  Men likevel byrja eg med saueklipping fordi det «såg so lett ut». Noko det skulle vise seg å ikkje vera. På vidaregåande byrja eg så smått å klippe sau for bønder. Eg gjekk eit kurs, kjøpte meg ei sauesaks og sette i gang. Men teknikken var diverre ikkje tilstade. Sauen må nemleg sitja på rumpa heile tida mens den vert klippet og dersom den ikkje er samarbeidsvillig er det utruleg vanskeleg å halda den på plass. Det var veldig slitsamt i starten. Klarte eg å klippe 50 sau på ein dag, var det verkeleg ein god dag og eg var utslitt. Samstundes får ein betalt per sau når ein klipper og sjølv om eg ikkje klarte så mange i starten var betalinga grei.

Når eg var ferdig på vidaregåande, reiste eg til Australia på landbruksutveksling.  I Australia er saueklipping nesten som ein folkesport å rekne. Der saueklipparane har status som «the backbone of the outback»,  det vil seie at ein møter mykje respekt som saueklippar på landsbygda. I motsetning til her i Noreg som saueklipparar er ei sjeldan vare. For meg var det veldig spennande å reise til eit land som har spesialisert seg på sauehald.

Garden eg kom til hadde om lag 20 000 sau og rekna seg som ein middels stor gard.  Eit lag på fire saueklipparar brukte om lag fem månadar på å klippe alle desse sauene.

001

Dette eventyret ville eg ta del i. Men om lag ei veke etter at eg kom til garden, møtte eg ein stor skuffelse. Då eg skulle prøve å klippe ein sau, viste det seg at dette ikkje var som heime i Noreg. Merinosauen som dei hadde i Australia, var mykje vanskelegare å klippe. For det første var den rynkete over heile kroppen, noko som gjorde det vanskeleg å koma fram med saksa. For det andre hadde den ull overalt, absolutt overalt. Dersom den ikkje blei klippet, mista den synet på grunn av at ulla vaks framfor augo. Dette meistra ikkje eg og blei degradert til å sortera ull.

Tre månadar seinare hadde eg sortert mykje ull og endeleg hadde eg gjort meg fortent ein plass som saueklippar. Eg fekk klippe i heile februar – den varmaste månaden i året. Kl 07.30 starta arbeidsdagen og var ferdig kl 17.30. då skulle ein helst vera ferdig med 90-100 merinosau.  Eg klarte kanskje 40 om eg var heldig. Heldigvis snudde flaksen for meg. Ein dag kom ein gjeng til garden eg jobba på. Dei var kledd  i ein slags uniform eg ikkje hadde sett før og gikk rakrygga inn på klyppeplassen. Dette var landslaget i saueklipping frå Australia, dei hadde med den unge mannen som truleg skulle vinne gull på verdsmeisterskapet i saueklipping. Av alle personar var det meg dei ville snakke med. Landslaget trena til verdsmeisterskapet i saueklipping, som for første gang i historia skulle arrangerast i Noreg. Dei lurte berre på korleis det var å klippe sau i dette kalde landet langt mot nord. Det kunne eg fortelje litt om. I gjengjeld fikk eg klippe saman med landslaget nokre dagar og trenaren deira brukte mykje tid på meg. Dette sette verkeleg fart i saueklipparkarrieren min.

Eg lærte teknikkar som hjelpte meg å halda sauen i ro, samstundes som eg lærte mykje om korleis eg skulle få mest mogleg ull inn i ein kam.  Etter dette gikk det berre ein veg for meg. Eg kunne etter kvart konkurrera med dei andre klipparane  på garden.  Stadig strekte eg meg lenger når det gjaldt å klippe både finast og mest mogleg. Vel eit år seinare klippet eg sau i England og der sette eg min personleg rekord på om lag 300 sau på ein dag.

003

Verdsmeisterskapet i saueklipping i Bjerkreim 2008, eller «GOLDEN SHARES» som det heiter. Når eg reiste for å sjå på denne konkuransen, fekk eg eit gledeleg gjensyn med det Australske landslaget i saueklipping. Det blei ikkje gull på Australia denne gangen. Kanskje var den norske spelsauen for uvant å klippe. Kanskje dei kjente noko av den same kjensla som meg, då dei kom til eit nytt land der sauen var heilt annleis.

Stafettpinnen sendast vidare til Joe Colliflower.

Helsing Pål Støylen

Andre saker

Kjønnsbyttebomba

I går kveld hadde vi kjønnsbyttebpmba. Da var guttene jenter og jentene var gutter. Vi var utkledd i parykk og masse fine klær. Så var det en liten moteoppvisning.  

Les mer »

PMF-kaféen er i gang

  Da er PMF-kaféen offisielt åpnet! Her tilbyr de kaker, kaffe, brus, horn, pizza og god service. Vi på Digitale media dro en tur på onsdag denne uka for å dekke åpningen, og var så heldige å få oss et kakestykke hver. Jeg fikk smake sjokoladekaka, og kan tilføye at[…]

Les mer »

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *